Angkor Wat, Kambodsja

39336-38

Nok ein heseblesande dag i Kambodsja er snart over. Det har vore mykje reking att og fram desse dagane, men me har no faatt sett desse gamle bygningane dei er saa stolt over. Kom paa mandag, etter ein laaaaang tur i eit vandrande diskotek/ torturkammer. Etter at me hadde kryssa grensa fraa Thailand skulle me eigentleg ta buss fraa grensa til Siem Reap. Men bussen virka visst ikkje, saa me vart stappa inn i ein bil i staden. 9 turistar, ein guide, og ein sjaafor. Det vart stabla i hogden, og me sat med knea oppunder haka nesten heile vegen. Det kan knapt kallast ein veg, det var meir som ein kjerresti. Av og til var det eit snev av asfalt, men det var berre paa dei fine partia av vegen. Saa me snigla oss fram i 20 km i timen, i 10 timar. Bakerst i bilen blinka det eit kvitt lys, omtrent som ei daarleg diskokule. Og framme spelte dei daarlege remixar av gamle slagers. Det var naermast tortur, men me overlevde paa mirakulost vis.
I gaar var me paa Angkor Wat og kikka litt. Mykje fint aa sjaa, men dei ser no ganske like ut alle desse gamle bygningane.
I dag har me hatt ein ny maratonetappe til sor, har reist i 12 timar. Hadde sett fram til ein fin tur paa elva fraa Siem Riep til hovudstaden. Tenkte at baat var rette tingen, etter aa ha erfart kjerrestien i 10 timar. Betalte DYRT for billetten, og vart lova kvart sitt sete pluss air condition paa baaten. Flott, tenkte me. Vart plukka opp tidleg i dag, og koyrd til elva. Var ikkje akkurat ein fin AC-baat som venta der, men ein hog og smal vinglete baat. Dei stappa han altfor full av bagasje og folk, saa me heldt faktisk paa aa gaa rundt. Det virkar ikkje som om folk kan mykje baatvett, aa staa paa taket paa ein vinglete, stappfull baat saag ut til aa vera gode greier...Tenkte eit oyeblikk paa aa berre gaa av baaten, men fekk beksjed om at dette berre var ein liten transportetappe til den ordentlege baaten. Etter 45 minuttar med hjarta i halsen, og 180 i puls kom me fram til gliset som skulle frakta oss sorover. Han var hakket stodigare, men det var ikkje akkurat eitt sete til kvar. Naar baaten var fylt opp inni, begynte stablinga av folk og bagasje paa taket. Kvart sitt sete -my ass!! Dei er flinke aa lura folk her. Utruleg nok kom me heilskinna til hovudstaden, og kunne pusta letta ut.
Dei siste tre timane til sor har me brukt i bil, paa flotte vegar. Saa no ventar nokre dagar i ro og mak. Det vert godt!!


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=840810
img