Pune

No e me i Pune, Indias svar paa Raadalen. Rett og slett ein mokkaplass! Me hadde store planer, skulle komma oss opp i fjellet og faa luft under vingene. I staden havna me her i Pune. Langt vekke fraa der me eigentleg skulle. Tenk deg den verste plassen du veit om, og gang det med ti. Saann er det her.
For aa begynna med starten: reiste fraa Goa paa lordag. Bussen skulle gaa klokka fem, men det gjorde han sjolvsagt ikkje. Naermare seks koyrde me, men daa berre ein times tid. Saa maatte alle bytta buss. Det hadde ingen sagt til oss. Folk fann bussane sine og reiste vidare. Me vart sitjande som to store sporsmaalsteikn. Visste ikkje kor me var, eller naar bussen vidare gjekk. Det staar ikkje paa bussane kor dei gaar, for daa ville det jo vore enkelt aa finna fram. Det er jo ikkje bra. Det dummaste du kan gjera i India er aa sporra folk, for daa faar du alltid forskjellige svar. Alle svarar noko sjolv om dei eigentleg ikkje har peiling! Daa alle bussane hadde gaatt venta me endaa ein time, saa kom det ein buss dinglande. Dei faa som var igjen sprang inn paa den, og me fulgte etter. Det var tre timar etter bussen skulle gaatt, altsaa heilt i rute etter indisk standard.
Midt paa natta kom me fram til Pune. Daa var planen aa ta eit motgontog vidare til Matheran. Men det gjekk sjolvsagt heller ikkje fekk me beskjed om. Etter aa ha leita rundt etter overnatting (dei seks forste hotella var fulle), fann me endeleg eit ledig rom i herbaerget. Omtrent som i ein stall. Spurte mannen i resepsjonen naar neste tog til Matheran gaar, og han svarar halv aatta paa morgonen. Me kunne altsaa ha komt oss avgarde likevel! Eg spor mannen kor langt det er til togstasjonen? svar: not possible. Kvifor ikkje, klokka er berre halv sju, me kan rekka toget. Svar: not possible. Naar gaar neste tog? not possible. ARGHH!!! kunne kvelt fyren.
For aa gjera ein lang historie kort; i dag har me kjopt bussbillett tilbake til Goa. Reiser i kveld, og kan ikkje faa sagt kor glade me er for det!!!

Kommentarer:
Postet av: are

Dette minar meg om ein gong eg skulle til heim til Ostereidet, men havna på bussen til Rossland i staden for. Då òg var det mange som hadde gode forslag, og ein sjåfør som sa: "Du kjem 'kje te Osteræie i kvell. Sista ruto førbi Eikång gjekk klåkko hall ni." Slapp heldigvis å overnatta.

06.feb.2006 @ 17:44:39
Postet av: Linda E

fantastisk sammenligning :) eg håpe de kjem deko heim frå den råtne plassen fortare enn de kom dit.

06.feb.2006 @ 23:27:36

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=705865
img