Party of six

39336-39

No er me seks stk. paa tur, me henta Mona og Kamilla paa flyplassen i gaar. Det gjekk nesten heilt smertefritt, bortsett fraa at me stod paa feil terminal aa venta den forste timen. Men me fann dei til slutt. I dag har Kamilla gebursdag, og me er komt halvvegs paa turen vaar. Gebursdagen skal feirast, men at det fraa no av berre vert faerre og faerre dagar til me skal heim prover me aa ikkje tenka paa.
Turens desidert beste gullkorn kom Monica med for nokre dagar sidan. Me sat i ein taxi paa veg fraa sor i Kambodsja, til den thailandske grensa. Vegen var saa som saa, og sjaaforen koyrde som ein gris. Me sat alle og dromte om den fine bussen me skulle ta fraa grensa til Bangkok, dei fine vegane i Thailand, og dei fornuftige sjaaforane som ikkje koyrer altfor fort. Saa kjem det:

Monica: aa koyra buss i Thailand blir jo berre smaakaker i forhold til detta her...eller heiter det det?
Knut og Guro: prov heller med peanuts...
Marit: nei, er det ikkje peanotter det heiter?

Kven har rett? du faar tre alternativ,
1. Aa koyra buss i Thailand blir berre smaakaker i forhold til dette.
2. Aa koyra buss i Thailand blir berre peanuts i forhold til dette.
3. Aa koyra buss i Thailand blir berre peanotter i forhold til dette.

Rett svar kan sendast til NRK Hordaland, 5020 Bergen. Premie ventar til den som svarar forst.

I morgon reiser eg, Monica og Knut til Vietnam. Dei tre andre skal bruka nokre dagar til handling her i Bangkok. Det klarar eg meg fint utan, no skal det berre bli godt aa komma seg ut av storbyen!


Kommentarer:
Postet av: Marianne

Eg går for alternativ A, småkaker.

Kjekt å sjå Monica igjen, forresten. Og dåke andre også, sjølvsagt.

Her i Sunnfjord er det elles dungevis med minusgrader og snø, brrrr... Handballaget vårt tapte i helga, Oskar Svärd kom berre på femteplass i Vasaloppet, og eg må jobbe dagen lang. Livet er jammen trist. At Brann ikkje klarer å vinne kampar lenger, er berre småkaker i forhold.

06.mar.2006 @ 09:48:03
Postet av: Benedikte

Gratulerer så masse med dagen, Kamilla!!!
Klemmer fra Benedikte og Bente.

PS:Vi stemmer for alternativ B.

06.mar.2006 @ 10:45:54
Postet av: are

Tillet meg å stemma på noko som ikkje er eit alternativ, 4: Blåbær. La merke til at dei to andre stemte på "A" og "B," som jo heller ikkje er alternativ.

Tøft å vifta med norske flagg der aust i desse tider, forresten. Tryggare å gjera som Marit, og reklamera for våre søskenbarn frå Vidda.

06.mar.2006 @ 19:44:23
Postet av: Vidar

Peanuts går det jo an å sei...Sprekt å stå med norsk flagg ja...

06.mar.2006 @ 19:52:45
Postet av: Nina

Enig med Are - blåbær er sjølvsagt det einaste rette.

11.mar.2006 @ 00:57:19
Postet av: Reidun

Gratulerer så masse med overstått dag Kamilla. Kos dokkar videre. Hilsen fra tante i Spania.

16.mar.2006 @ 23:03:16
Postet av:

Hei GURO!!
Endeleg har eg funne ut korleis skriva kommentar. ikkje det at eg har leita så mykje. Som du forstår så har eg begynt i jobb igjen, og det er TRAVELT!!
I kveld skal me ha aktivitetar for store og små (elevar og foreldre).Eldbjørg og eg meiner at erter er hokjønn, og då heiter det erter i fleirtal. Me seier ertepose/ertestuing og det må vel vera rett. Hugs at me er LÆRARARAR!! Åg me kann allt sånnt!Misunner deke veldig. Eg har alltid hatt lyst til å reisa til Vietnam (hadde 2 elevar frå Vietnam då eg underviste i Harstad). Kjøp no endeleg nokre silkestoff-bitar til meg. er litt opptatt av quilting for tida. Grov silke, farge ikkje nøye. Alt av interesse. Ha det godt og hels alle strilar du måtte treffa på! Åshild

21.mar.2006 @ 17:04:37
Postet av:

Hei igjen.
No har me sett etter i ordboka. Det er valfritt: erte(r)pose. Neste gong du reiser på ferie, bør du ha med deg nynorsk ordbok og framandordbok, kanskje!ÅT

21.mar.2006 @ 17:08:51

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=867788
img