Neste stopp Asia!

Ostereidet

Då er tida her for å forlata denne idyllen, og starta den store ekspedisjonen til Asia! Har ikkje pakka sekken endå, men har nesten eitt døgn på meg til å gjera det. Viktige ting å ha med i sekken:

1. Rett i koppen ( godt både på fjelltur, og lengre turar til Asia dersom toalettet blir din beste venn)
2. UNO ( når du er ute og reiser kan du læra vekk dine EIGNE reglar)
3. Dykkermaske og snorkel. ( kan brukast til mykje, blant anna snorkling, eller beskyttelse mot monsunar.)

Skal prøva å oppdatera sida med jamne mellomrom, så de kan sjå kva eg og Marit dultar borti på vår veg.


Kommentarer:
Postet av: Feiteræva

Det er framleis ikkje for seint å trekkje seg! Tenk på all tv-idretten du går glipp av: skiskyting, langrenn, OL, VM i fotball - nei, fanken, du er vel tilbake før det... Men det blir sikkert ikkje så gøy på tur uansett. Dårleg mat, dårleg mage, ingen overnattingsplassar, Marit blir lei av dei dårlege vitsane dine, osv.

Men, men, du får ha god tur likevel. Ikkje misunneleg i det heile. Her i Norge er det jo så varmt og godt og alle har ferie og grrrrr, kom deg av garde, din heldiggris. God tur!

07.jan.2006 @ 18:02:13

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=572767
img