Vietnam e digg!

Vietnam er digg!

No e me altsaa her, i Mui Ne i Vietnam. Ein fantastisk fin plass! Eg kom for to dagar sidan, og motte dei to saakalla backpackarane Karen og Gro. Men kor mange ryggsekkturistar har basseng baade ute og paa rommet? eg berre undrar...men det er greitt for meg, litt luksus skadar ikkje. Eg kom for to dagar sidan, og Monica og Knut kom i gaar. Dei andre tre (Marit, Kamilla og Mona) faar visst aldri nok av shopping i Bangkok. Dei siste rapportane seier at dei kjem i morgon, kanskje kontoen er tom daa.

Folket her er mykje like dei i Thailand, dei ler og smilar mykje, og forstaar berre ein brokdel av det me seier. Karen prover saa godt ho kan aa menga seg med lokalbefolkninga, og har allereie hatt fleire mobilsamtalar med mange av dei.
Det raraste skjedde daa eg skulle ta bussen fraa Saigon til Mui Ne. Me gjekk i ei lita, smal gate, daa eg plutseleg hoyrer "hei Guro". Maatte gni meg i augene, men rett framfor meg stod Kris! Eg studerte med han i Kristiansand, og har ikkje sett han paa aar og dag. Verden er ikkje stor!

Det er godt aa slappa av litt etter mykje farting dei siste vekene. Saa eg trur programmet framover blir omtrent slik:
09:00 frukost
09:30-13:00 bading og soling
13:00 lunsj
13:30- 17:00 bading og soling
19:00 middag
20:00-23:00 UNO
23:30 stille paa rommet, alle maa vera i seng.

Uff, det er slitsomt med ferie :-)

Kommentarer:
Postet av: Nina

Å, Guro - høgmål, Guro!

11.mar.2006 @ 00:54:21
Postet av: tore

du har me uno ja, hehe! me spele uno i barcelona og. uno e øvealt!

12.mar.2006 @ 16:01:53
Postet av: Tor Egil

UNO er eit latterleg spel, Guro! Elles ser det ut til at du har det rimeleg bra. Eg synest du er litt tøff.

15.mar.2006 @ 20:04:16
Postet av: Åshild

Hei Guro! I dag er det den første verkelege vårdagen her heime. Ti grader og sol. Eg har vore på ein fin tur i dag. No er eg på kaffi hjå F&B. reiser kanskje til Hemsedal seinare i veka. Ha det godt! Helsing Åshild.

09.apr.2006 @ 17:23:57
Postet av: Aslaug

Hei Guro! Bestemor helsar til deg.

09.apr.2006 @ 17:31:57

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=888254
img