Ingen planer er gode planer!

Kochin for 30 min. sidan

Slik saag det ut nede ved elva her ved Fort Cochin for 30 minutt sidan. Har hatt nok ein fantastisk fin dag, og virkelig faatt erfara at det ikkje er nodvendig aa planlegga ting paa forhaand. Slik starta dagen:
Marit: ka skal me gjera paa i dag?
Guro: veit ikkje eg, ka har du lyst til?
Marit: me kan jo ta ein av dei fergene som gaar til oyane rundt her
Guro: god plan, det gjer me!

Me tok ferga ut til ei av dei naermaste oyane, og sette oss paa ein buss. For 2 kroner fekk me lov aa sitta paa i 45 minutt, daa me steig av paa ein plass eg ikkje har peiling paa ka heitte. Det var ikkje akkurat stoppe-knapp eller snor aa dra i naar du ville av, du maatte plystra. Men det gjekk jo fint. Iallefall, me gjekk av bussen, tok ein autorickshaw som kjorte oss ned til ei strand. Her labba me bortover, stranda var uendeleg lang, med det indiske hav rett ut. Etter ei stund saag me to parasollar og tenkte at der var det sikert fint aa sitta under. Me gjekk bort, og der kom det ein mann tuslande. " Please, come and see my rooms, very nice" Me hadde jo ikkje tenkt aa overnatta der akkurat, me hadde jo kun med oss ein liten sekk med vatn og solkrem i. (eigentleg treng ein ikkje stort meir paa tur i India...) Men me gjekk no inn, og romma var fine. Kor mykje kostar det, sporte me. " How much you can pay, I take anything you have". Wow, denne mannen er virkelig desperat etter pengar, tenkte me. Men me fekk no ein god pris, saa fraa lordag og utover saa lenge me har lyst skal me bu paa ein konge plass rett paa stranda, med stor terasse, og hav saa langt du kan sjaa!
Moralen e: ALDRI planlegg noko som helst, daa blir det som regel best.

Det kan bli ei stund til bloggen blir oppdatert igjen, eg faar det nok travelt med bading og slikt dei naermaste dagane :-) Men skal prova aa faa lagt ut litt bilder fraa paradis om litt.

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=593932
img