Ei fin paaske

Snorkling, snorkling, snorkling

No e me tilbake i sivilisasjonen, etter nesten tre veker paa flotte strender. Mykje av tida har gaatt med til snorkling, bading, og lesing av gode boker. Det har blitt lite paaskekrim, kvikklunsj, og klisterfore, men me har igrunn ikkje savna det saa veldig.
Det har vore ekstremt varmt dei siste vekene! Me har budd i enkle hytter med berre ei ussel vifte paa veggen, og berre straum saann av og til. Men me kan ikkje klaga, alle hyttene har hatt heile veggar, og ingen rotter paa badet. Litt besok av ymse dyr har me likevel hatt. Ein kveld kom det masse flaggermus ut fraa jungelen bak hytta, og nokon fann det for godt aa komma inn til oss ogsaa. Litt hyling og skriking vart de, men me klarte aa skremma dei ut igjen. Dermed kan endaa eit dyr me har "budd" med forast opp paa lista. Saa langt har gjestane vore: rotter, flaggermus, kakerlakkar, gecco, maur, mygg, og edderkoppar. Ei fin samling!

Me kom tilbake til Kuala Lumpur i gaa kveld. Starta turen tidleg fraa oya, og kom oss etterkvart over i ein buss. Hadde sett fram til bussturen, for me visste at der var det air condition. Har igrunn dromt mykje om air condition dei siste dagane, kor godt det skulle bli aa endelig kunne frysa litt igjen. Me fekk valuta for pengane, kan du sei. Air conditionen stod paa full guff heile vegen. Ti stive timar med full storm i ansiktet var ikkje heilt det me hadde tenkt oss, men det var det me fekk. Det gjekk ikkje an aa skru ned eller skru av, saa me maate pent sitta der og skjelva. Daa det var 30 min igjen til Kuala Lumpur slo heldigvis bussjaaforen av kulden, og blodet kunne begynn aa tina igjen. Men gleden varte i ca 2 min, saa var det paa'an igjen. Eit lite tips; skal du taa buss i Malaysia, ta med deg stillongs og termos!

Ei lita oppgaave tl dykk der heime heit paa slutten. Ein kveld me satt ute og venta paa at gradestokken skulle krypa under 30 grader, saa me kunne legga oss, kom me til aa tenka paa ein ting: ka har Norge aa skryta av? Sverige har Ikea, ABBA, og Ericsson, for aa nevna noko. Finland har Nokia, Danmark har Carlsberg. Men ka har eigentleg Norge? det naermaste me kom var bindersen og A-HA. Ganske stusslig igrunn. Kjem de paa andre norske merkevarer?

Kommentarer:
Postet av: Hilde

Opera Software gjør det ganske bra.... teller det, eller er de for lite kjent blandt "mannen i gata"?

Var på foredrag med Ingebrigt Steen Jensen før påske, han mener at vi ikke har noen kjente "merkenavn" pga den sterke, norske mentaliteten der vi elsker å se naboen gå på tryne og hater at andre lykkes i noe.... det ligger nok noe der.

Ser ut til at dere koser dere :)

19.apr.2006 @ 19:11:28
Postet av: are

Etter å ha lese førre innlegg, har eg eit framlegg:

NYNORSK

19.apr.2006 @ 21:36:45
Postet av: Nina

Air condition-frustrasjonar er vel ikkje noko nytt for nordmenn på tur?

Tre små ord til Are og Guro: Cle Elum 1998..

20.apr.2006 @ 00:52:05
Postet av: Nina

Ole Evenrudstuen (betre kjend som Evinrude) fann opp påhengsmotoren!

20.apr.2006 @ 01:00:05
Postet av: Hilde

Are: "Eg veit, eg veit........" ;D

20.apr.2006 @ 14:21:39
Postet av: Linda

Kva med Statoil? Og Telenor? Dei er vel litt store i utlandet? Moods of Norway, Dale of Norway, Röyksopp, Dimmu Borgir, EBML, kongehuset og Mona Grudt :)
Det norske flagget som er logo på Napapuri-kleda som ikkje er norske tel kanskje ikkje?

20.apr.2006 @ 15:36:36
Postet av: Erlend

No må de ikkje gløyma den største av dei alle: Sprayboksen. Taggerar verda rundt hyller norske innovatørar.

20.apr.2006 @ 18:42:03
Postet av: Marianne

Kva med knivane frå Helle Fabrikker (hjørnesteinsbedrifta i Holmedal der alle no er permitterte - jadda)? Og Åsnes Ski frå Fjaler? Høyrer de ikkje om det i Kuala Lumpur? Nemnast bør også Sven O., Rune Rudberg og Bjøro Håland. Kom ikkje her og sei at Norge ikkje har noko å by på.

21.apr.2006 @ 08:33:21
Postet av: Geir

Firkløver (sjokoladen), Thor Heyerdahl (Kon-Tiki), fare-for-elg-skilt, ostehøvelen, Ivo Caprino (Flåklypa), Kjell Inge Røkke (Aker), nordlyset og nordkapp, Edvard Munch (Skrik), Celina Middelfart (Kosmetikk), brunost, Jon Lech Johansen (DeCSS), Asbjørnsen og Moe (Norske folkeeventyr), Trollveggen, Bjørn Dæhlie (Merkeklær.. Og sånn skiløper da.), bunad, Sissel Kyrkjebø, Sinnataggen?

22.apr.2006 @ 10:49:15
Postet av: are

Det er typisk norsk å vere god!

22.apr.2006 @ 16:41:33
Postet av: Knut

king oscars sardine

22.apr.2006 @ 19:12:34
Postet av: monica

Norsk kuskinn skal visst nok vera veldig populært blant franske veskeprodusentar! (kilde:bjørn)
Og tidligere i veka var det stoore oppslag i avisene om at Lorraine "suste" rett inn på 39 plass på engelske hitlister :)

22.apr.2006 @ 19:19:55
Postet av: Silje Vanilje Kusine

Hei jenter!!
Villsauen er jo ganske norsk :o) ( Heite egentlig gamalnorsk utegangarsau) og eg kan mella om at lemmingen i Eiatre e i ruta!! Har no fått 13 lam tå 10 sauer,(og da e faktisk veldig bra tå villsau) og har 6 att so ska lemma!! So no e ribbo til jul redda!! Trur eg må invitera deko på et gamalnorsk utegangarsaumåltid når de kjem nordattøve!!
Forresten; Da einaste eg får i postkassen e rekninga og lokalavise....bere so da e sagt!!

22.apr.2006 @ 23:46:46
Postet av: are

Nobels fredspris; Osloavtalen, kanskje. Kva med Ibsen? Det er jo Henrik sitt år i år. Trur han er meir berømt enn alle svenske forfattarar, og danskane har vel berre HC.

24.apr.2006 @ 17:27:08

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=1124056
img