Hoi An, Vietnam

39336-48

I dag har me vore paa sykkeltur rundt Hoi An. Det var nesten som aa skru tida 15 aar tilbake, fire jenter med kvar sin korg-sykkel. Trur ikkje eg har sykla paa ein slik sidan eg var ti aar. Har sett mykje fint paa vegen, og enda til slutt opp paa ei strand 4 km utanfor Hoi An. Var der i nokre timar til me kjente at huden hadde faatt nok sol for ein dag.

Har vore her i ca ei veke no. Me tok nattoget fraa Nha Trang og opp her, saman med to nederlendarar som me vart kjent med i Mui Ne. Det var mykje kaldare her enn lenger sor i Vietnam, saa dei to forste dagane fraus eg nesten litt. For forste gong paa turen, trur eg. Karen vart redd ho ikkje skulle bli godt nok svidd for dei reiser heim, saa ho og Gro reiste til Thailand for nokre dagar sidan. Samme dagen dei reiste skein det opp her, og sola har steikt sidan. Jaja, dei har det sikkert fint i Thailand ogsaa.

Det er ikkje saa mykje aa ta seg til her i Hoi An, anna enn aa faa sydd seg klede, tusla rundt i gamlebyen, sitta paa kafe og lesa ei god bok, eller ta seg ein sykkeltur til stranda. Men ein treng vel ikkje stort meir enn det? Det er ein herlig avslappa stemning her!
Me har alle faatt sydd oss nokre plagg, noko fint, og noko totalt mislykka. Billeg er det uansett, saa det er ikkje det store tapet om du faar noko du ikkje vil bruka. Eg har gjort eit forsok paa aa faa sydd meg jakke (den vart STYGG!), og skal gjera eit nytt forsok i dag. Alle gode ting er to, faar me haapa.

Paa mandag reiser eg og Marit til Saigon, Mona og Kamilla vert nokre dagar til her i Hoi An. Saa daa er me plutseleg berre to paa tur igjen. Det gaar nok bra det ogsaa.


Kommentarer:
Postet av:

ja, det var ein smule kaldere vest i norge enn sør i vietnam óg! Men bere ein smule altså.. (ca 40 grader bere) :)
Føltes som om me hadde vore vekke i 3 mnd når me var med dåkke, og som om me hadde vore vekke i 3 dagar når me kom heim igjen.Alt var som før,merkelige greier! Uansett blir jo tre veker berre småkaker i forhold til 4 mnd :)
Men sei meg ein ting, kor e sykkelhjelmane henne??

18.mar.2006 @ 12:11:07
Postet av:

postet av Monica

18.mar.2006 @ 12:12:22
Postet av: Karen

Hei igjen !!
Nydelig bilde,skjoente jo det at sola ville titte frem naar vi hadde forlatt landet,men skal si den titter frem her ogsaa !! :)Var saa utrulig kjekt aa treffe dykk, no er me tilbake i vaar vante pensjonisttilvaerelse, saa savner de ungdommelige sprellene dykkar, he he.
God tur vidare !!!
Klem, Karen =)

18.mar.2006 @ 13:32:51

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=944654
img