Erterstuing eller ertestuing?

Me har hatt ein diskusjon gaaande ei stund her, og vert ikkje heilt enige. Jo meir me tenkjer paa det, jo meir usikre blir me. Heiter det erterstuing eller ertestuing?

Og kva heiter ert i fleirtal?
Alternativ 1: ei ert - fleire erter
Alternativ 2: ei ert - fleire erte
Alternativ 3: ei ert - fleire ert

Dersom ein skal vera heilt grammatisk korrekt heiter det vel ei ert, fleire erter. Men stridens kjerne er -kva ville ein stril sagt? Eg hellar mot alternativ 2 eller 3.
Kan nokon norom brunae vera saa snill aa hjelpa oss?

Ofh, me har mange verdsproblem aa loysa naar me er paa ferie...

Kommentarer:
Postet av: Nina

fleire erte

ertestuing

Da sei me jaffal på Kløve.

20.mar.2006 @ 17:42:12
Postet av: mamma (G)

ja, problem har ein visst kor ein er ...
iflg nynorsk ordliste, større utgåve, heiter det ert/erta, eller erter/ertra/fleire erter, og
erte(r)stuing. det var det korrekte, men det er vel ikkje så interessant

trur eg seie da sama so Nina
de får høyra ette når de kjem heim, og orda dukkar naturleg opp i ein samtale, når eg tenkjer meg om, vert eg usikker. moral: ikkje tenk så mykje ...

20.mar.2006 @ 17:48:24
Postet av: mamma (G)

ja, problem har ein visst kor ein er ...
iflg nynorsk ordliste, større utgåve, heiter det ert/erta, eller erter/ertra/fleire erter, og
erte(r)stuing. det var det korrekte, men det er vel ikkje så interessant

trur eg seie da sama so Nina
de får høyra ette når de kjem heim, og orda dukkar naturleg opp i ein samtale, når eg tenkjer meg om, vert eg usikker. moral: ikkje tenk så mykje ...

20.mar.2006 @ 17:48:37
Postet av: Hilde Kristin

Hei! Verdsproblem har ein overalt... Filologen seier at det er korrekt at det heiter ei ert fleire erter. Men uttalemessig trur eg ei ert, fleire erte er rett (i den grad ein snakkar rett, då...). Men heiter det den erto? Eller snakkar ein ikkje om dette fenomenet i bunden form eintal...?
Kan elles melda om snøfall i Bergen i dag, så unge Strand begynner snart å grava i hagen for å få fram dei første krokusane. Dei greier det jo ikkje sjølv i dette kalde veret.

21.mar.2006 @ 12:29:42
Postet av: monica

Ertestuing!

22.mar.2006 @ 17:58:51
Postet av: Tor Egil

Interessant språkdebatt her. Det heiter, som "mamma" ganske korrekt påpeikar, ertestuing eller erterstuing.

Men det som gjer debatten interessant, er vel først og fremst kva som gjer at de diskuterer erter. Erter er noko far min er oppteken av, og han har ikkje reist lenger enn sørom fjorden ved eit høve.

22.mar.2006 @ 20:38:41
Postet av: Marianne

Papsen ville sagt ertrestuing. Kvifor er ikkje det eit alternativ her?

Forresten er ertestuing framleis noko av det eg liker minst av all mat (og eg er ganske altetande). Har du det ilt, Guro? Får du ikkje skikkeleg mat borti der? Mykje ertre og ris? Kom heim og få sild og pote og sundkokt vatn.

22.mar.2006 @ 20:42:41
Postet av: Linda

Eg e enig med Monica, ertestuing må vera rett, alternativ 2.

Er det premie for rett svar? :)

23.mar.2006 @ 18:53:18

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=959159
img