Eg har faatt meg ny jobb!

Eg har faatt meg ny jobb!

For aa spe paa litt i reisekassen har eg begynt som frilans fiskar. Det heile starta ganske uskyldig. Eg gjekk ein tur langs stranda, forbi desse to karane. Dei skulle akkurat til aa ta baaten paa land, og trengte litt hjelp. Saa eg hjalp dei aa skubba baaten opp fraa stranda, og inn paa land. Dei takka og bukka, og eg gjekk vidare. Nokre dagar etter stod han mannen til hogre paa bildet og rensa garnet sitt for smaafisk og reker. Partnaren var ikkje der akkurat daa, og mannen trengte hjelp. Naar han atter ein gong spurte om hjelp, sa gjorde eg sjolvsagt det. Stod der i ca 30 min for heile garnet var ferdig rensa. Etter kvart som tida gjekk fekk me sjolvsagt ganske mange tilskodarar, men eg folte eg kunne ikkje gaa for me var ferdige. Han babla i vei paa sitt spraak, men eg skjonte ikkje eit kvekk. Han forstod neppe mykje av striladialekta mi heller, men me hadde det riktig saa kjekt likevel! Daa me nesten var ferdige kom kompisen hans tilbake, og eg kunne tusla vidare. Saa langt har lonna vore saare fingrar (rekene har svaert spisse halar som borar seg inn un der neglene), og fine bilder. Kanskje eg vert invitert paa te neste gong eg hjelper dei, tida vil visa. Eg fekk gjort dagens gode gjerning, og dei fekk ein god historie aa fortelja rundt middagsbordet den dagen. Saa begge partar var godt fornogd, trur eg.


Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=644495
img