Busstur med smell

Busstur med smell

I gaar tok me bussen fraa Kochin til Allapey. Turen starta meget bra, me stod opp klokka halv seks, fekk servert kaffi og dagens avis, og vart koyrd i taxi til busstasjonen. Mr Venu der me har budd den siste veka skulle ordna alt med transport og slikt. Han starta offansivt, og lova oss ein "super deluxe bus with AC". Dette vart fort degradert til ein "super fast bus". Jaja tenkte me, det gaar sikkert bra likevel. Den superraske bussen viste seg aa klara 40 km i timen -wow for eit tempo!! Men me kom oss no paa rett buss, sette bagasjen bakerst i bussen, og fann to ledige seter. Endeleg kunne me senka skuldrene, putta musikken i oyra, og prova aa sova dei tre timane til Allapey. Trudde me...Bussen vart fort stappfull, og me maatte skvisa oss saman for aa faa plass til ei til dama paa setet vaart. Ikkje akkurat komfortabelt, men kva kunne me gjera? Etter kvart som me naerma oss Allapey skjonte me at me ikkje hadde sjangs i havet til aa finna bagasjen vaar bak i bussen, trokla oss gjennom folkemassen, og komma oss av bussen paa rett stopp. Til slutt var det saa fullt at dei nesten maatte stabla i hogden. Men saa skjedde det. BANG sa det, og bussen stoppa. Det viste seg at eine bakdekket paa bussen punkterte. Dermed maatte alle av bussen, saa daa var jo bagasje-problemet paa ein maate loyst. Men korleis skulle me komma oss fraa vegkanten til Allapey? Det var det store sporsmaalet. Dei andre passasjerane hoppa paa neste buss, som var minst like full. Men me kunne ikkje skvisa oss inn der med all bagasjen vaar. Saa me stod no der i grofta og svetta ei lita stund, for Marit spurte bussjaaforen om me kunne ta ein taxi. Svaret var enkelt: No, not possible. Me fekk til slutt tak i ein autorickshaw, som kjorte oss dei siste 12 km til Allapey. Alt ordna seg til slutt!

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=644501
img