Kuala Lumpur, Malaysia

Kuala Lumpur, Malaysia

Veit ikkje heilt kva eg skulle ta bilde av her, men det var sikkert noko fint. No e me altsaa i Kuala Lumpur. Ein by pittelitt storre enn Bergen, og med mange fleire kjopesenter. Til stor begeistring for enkelte (med langt svart haar...), medan andre kan styra seg for denslags aktivitetar. Eg har kjopt fire bananer og eit adapter i dag , Marit har traala dei fleste klesbutikkar. Trur me er godt nogde med fangsten begge to!

Har vore her i to dagar no, og brukt mesteparten av tida i Twin Towers. I dag skulle me ta heisen langt oppi taarnet, men det var ikkje fleire billettar att. Saa me prover paa nytt i morgon tidleg. Kanskje me burde tatt med oss soveposen og lagt utanfor inngangsdora. Men eg har ikkje med meg termos med varm drikke, saa eg trur me staar over den.

Me bur midt i Chinatown, og hoyrer ein jamn straum av "hello t-shirt?, cheap cheap, you want to buy shoes?". Men me har det fint her. Paa hotellet vaart gaar det faktisk an aa kjopa moblane paa rommet. Paa dora staar ei liste over alt inventar, og prisane paa dei forskjellege tinga. Eg trur teskjeia var billegast, og fjernsynet dyrast. Kanskje eit gammalt fjernsyn hadde vore ein fin suvenir fraa Malaysia? eller kanskje ikkje.

Saa langt er dette eit meget bra land aa vera i. Dei sel UNO paa 7-eleven, og fersk mango rett utanfor hotellet vaart. Meir treng me ikkje.

Takk for alle innspel i erte(r)stuing-debatten, dei kjem godt med naar me skal diskutera dette viktige temaet vidare.
Til slutt eit nytt sporsmaal; kvifor seier me "eg ler meg ihel" eller "eg e ihel-sulten." Kor kjem denne helen fraa? Det har me lurt litt paa dei siste dagane.

Kommentarer:
Postet av: Marianne

Hm, nok ein god diskusjon! Eg synest hel og føter generelt er ekle greier. Rett og slett stygt og ufyseleg. Derfor er det ikkje så overraskande at hel betyr "død" eller "til døde".

Men eg las ein annan rar ting i avisa i dag. Bruker dåke uttrykket "å få fnatt"? Det skal visstnok bety å få rykningar i underlivet... Veit ikkje om det er sant, men eg følte med ein gong at eg kanskje kan ha brukt uttrykket i feil anledning eit par gonger :( Ja, ja, sånn kan det gå. Bondevik har sikkert brukt det han òg.

24.mar.2006 @ 19:06:33
Postet av: Tor Egil

Det er kjekt for ein filolog å fylgje reisebreva til Mjanger og co. No håper eg for dykkar skuld at de snur heimover før det endar i helheimen... Så Marianne hadde altså rett, men berre i fyrste omgang. For "fnatt" betyr "skabb"...

24.mar.2006 @ 19:40:24
Postet av: Erlend

Eg jobber natt no, og eg er iheltrøtt.

24.mar.2006 @ 20:41:25
Postet av: are

Kom nettopp tilbake fraa Egypt.

"Hello my friend! I have special offer for you!! I give you free starter and free dessert, OK?!!! Very good shrimp!!!! Have you tried the chicken?!!!!!"

Ville berre nemne det.

27.mar.2006 @ 17:42:16

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=985814
img