Hindu-bryllaup

For nokre dagar sidan var me i hindu-bryllaup med 2000 gjestar! Mr. Venu tok oss med, og me e vel einige i at det var ganske kjekt aa faa oppleva det. "Store" norske bryllaup med 100 gjestar blir liksom litt smaatt i ein slik samanheng. Marit fekk prova aa eta med hendene for forste gang, trur det gjekk greitt. Ho sette iallefall ikkje fingrane i halsen, og maten smakte godt. Drakk min forste chai (te) i India, har ikkje smakt det sidan Bangladesh. Framdeles like godt!
Maa berre sei at bryllaup blant hinduar er urettferdige greier. Fruen maa betala heile greia, pluss kjopa bottevis med gull, som ein slags "takk-for-at du-vil-ha-meg" greie. Det kan ikkje ha vore billig aa metta 2000 gjestar, eit lite studielaan blir blaabaer i forhold...men det aller viktigaste som skjedde i det bryllaupet var at me oppdaga noko nytt, godt snop! For dei som kjenner Marit, veit de at ho daa fekk stjerner i augene. Daa me helste paa brudeparet fekk me kvar sin karamell, og eit kort med bilde av brudeparet paa. Kortet var forsaavidt fint det, men karamellen! MMMM...den beste me har smakt!
Skal legga ut litt bilder fraa bryllaupet i morgon, har ikkje kamera med meg no.

I dag kom me forresten fram til Palolem i Goa, men det er ein heilt anna historie. So far so good.


Kommentarer:
Postet av: The Egde

kjøp ein gitar til meg i India,Marit:)

29.jan.2006 @ 18:42:41

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=663484
img