Hytto vaar

Hytto vaar

Her bur me no, paa Palolem beach i Goa. Ei litt alternativ strand, der dei fleste er opptatt av yoga, meditering, og aa jogga paa stranda. Kvar einaste morgon rek dei att og fram, pustar og pesar. Skjonnar ikkje at dei orkar, men dei vert sikkert spreke.
Som de kanskje ser paa bildet er det ikkje den mest solide hytto me bur i, men det fins ikkje andre husvaere paa denne stranda. Det ligg tett i tett med slike skeive, holete (men sjarmerande) hytter langs stranda. Det er litt saann at me er redde for aa nysa, for daa kan heile hytta rasa saman. Men me har det fint likevel! Er litt saann Thailand light her. Er fint at det er litt fleire aa dela oppmerksomehten paa, det vart til tider myjke stirring i Cherai. Her er folk saa vant til turistar at dei ikkje bryr seg saa mykje, det gaar mest i "hello coconut og hello pineapple."
Me kom paa lordags morgon, etter ein laaaaang togtur fraa Kochin. Etter 15 stive timar paa toget kom me fram til Goa midt paa natta. Saa maatte me sitta der aa venta til det vart dagslys, for me kom oss til Palolem. Den lange turen fekk ei herleg avslutning daa ein liten gutt pissa paa sekken min medan eg va i ein minibank for aa ta ut pengar...herlig!
Har det fint her, saa me blir sikkert verande ei stund.

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=672799
img