Chiang Mai

Chiang Mai

Her er eitt av dei mange templa i Chiang Mai. Ein mann sa til oss at det var 500-700 tempel i denne byen, ikkje veit eg om det stemmer. Men det var no fint iallefall. Eg og Marit oppdaga ei ny side ved oss sjolv. Det viser seg at me er interesserte i myntar og sedlar. Inne paa omraadet hadde dei eit museum med bl.a pengar fraa alle verdens land. Me brukte ca 80 prosent av tida paa aa kikka paa myntar, resten av tida saag me paa tempelet.
Hadde store planar for opphaldet i Chiang Mai. Me skulle ri paa elefantar, gaa i jungelen, kikka paa tempel, og besoka Elise. Oppdaga fort at me maatte skru ned aktivitetsnivaaet mangen hakk, det vart rett og slett for varmt for oss. Me gjorde eit forsok paa aa komma oss i ein elefantpark, men det gjekk ikkje heilt etter planen. Parken laag ca ein time utanfor byen. Me tok ein drosje ut der, ikkje ein slik luksus-drosje med air condition, men meir ein slik liten slags lastebil der du sitt paa benkar paa lasteplanet. Bilen var fin den, men aa sitta baki der var omtrent som aa pusta i ein vannkokar. Ekstremt varmt og klamt! Etter aa ha svetta oss gjennom ein time, saag me fram til endeleg aa faa sett desse elefantane. Det einaste me saag var eit stort, tomt omraade utan ein einaste elefant. Ikkje ein gong eit spor etter dei saag me. Det viste seg at elefantane har arbeidstid fraa 8-10 om morgonen, resten av dagen er dei inne i jungelen og slappar av. Saa daa var det berre til aa setta seg paa lasteplanet igjen, og svetta seg tilbake til byen. Den stakkars sjaaforen syns saa synd paa oss at han koyrde oss til ein anna park.Heller ikkje her var det nokon elefantar i sikte. Trur dei har skaffa seg gode avtalar, arbeidstid fraa 8-10 kunne eg ogsaa ha levd med. Turen vart ei saa stor paakjenning at me droppa aa reisa tilbake neste dag. Saa kunne det strykast av lista. Jungelturen var ogsaa berre til aa gloyma, men me fekk no sett eitt tempel, og helst paa Elise. Saa heilt bortkasta var det jo ikkje. Dessutan er Chiang Mai ein fin by, saa han er absolut verdt eit besok! Berre ikkje i april...

Kommentarer:

Skriv en ny kommentar:

Navn
Husk meg ?

E-post:

URL:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.weblogg.no/index.bd?fa=tb.add&id=1199043
img