Meir regn

Meir regn

Det vart fort mykje vatn i gatene, men folk stoppa ikkje aa smila av den grunn!

Eg ve te Bergen

Eg ve te Bergen

I dag kom det ei voldsom regnbya. Varte ikkje meir enn 20 min, men eg kjente at heimlengselen kom krypande. Detta va nesten som i bydn!


Chiang Mai

Chiang Mai

Her er eitt av dei mange templa i Chiang Mai. Ein mann sa til oss at det var 500-700 tempel i denne byen, ikkje veit eg om det stemmer. Men det var no fint iallefall. Eg og Marit oppdaga ei ny side ved oss sjolv. Det viser seg at me er interesserte i myntar og sedlar. Inne paa omraadet hadde dei eit museum med bl.a pengar fraa alle verdens land. Me brukte ca 80 prosent av tida paa aa kikka paa myntar, resten av tida saag me paa tempelet.
Hadde store planar for opphaldet i Chiang Mai. Me skulle ri paa elefantar, gaa i jungelen, kikka paa tempel, og besoka Elise. Oppdaga fort at me maatte skru ned aktivitetsnivaaet mangen hakk, det vart rett og slett for varmt for oss. Me gjorde eit forsok paa aa komma oss i ein elefantpark, men det gjekk ikkje heilt etter planen. Parken laag ca ein time utanfor byen. Me tok ein drosje ut der, ikkje ein slik luksus-drosje med air condition, men meir ein slik liten slags lastebil der du sitt paa benkar paa lasteplanet. Bilen var fin den, men aa sitta baki der var omtrent som aa pusta i ein vannkokar. Ekstremt varmt og klamt! Etter aa ha svetta oss gjennom ein time, saag me fram til endeleg aa faa sett desse elefantane. Det einaste me saag var eit stort, tomt omraade utan ein einaste elefant. Ikkje ein gong eit spor etter dei saag me. Det viste seg at elefantane har arbeidstid fraa 8-10 om morgonen, resten av dagen er dei inne i jungelen og slappar av. Saa daa var det berre til aa setta seg paa lasteplanet igjen, og svetta seg tilbake til byen. Den stakkars sjaaforen syns saa synd paa oss at han koyrde oss til ein anna park.Heller ikkje her var det nokon elefantar i sikte. Trur dei har skaffa seg gode avtalar, arbeidstid fraa 8-10 kunne eg ogsaa ha levd med. Turen vart ei saa stor paakjenning at me droppa aa reisa tilbake neste dag. Saa kunne det strykast av lista. Jungelturen var ogsaa berre til aa gloyma, men me fekk no sett eitt tempel, og helst paa Elise. Saa heilt bortkasta var det jo ikkje. Dessutan er Chiang Mai ein fin by, saa han er absolut verdt eit besok! Berre ikkje i april...

Kjente i Chiang Mai

Kjente i Chiang Mai

I dag traff me Elise paa Starbucks i Chiang Mai. Eg studerte med ho i Kristiansand, og ho bur no her i Thailand. Har ikkje sett ho paa eit par aar, saa det var kjekt aa treffast! Kaffien smakte forresten fortreffelig, dei kan dette med kaffi paa Starbucks.

Luksus-kino

Luksus paa kino

Bergen kino blir litt smaatt i forhold til luksussetene paa kinoen i Bangkok. Hadde det ikkje vore for at me saag ein action-film kunne eg lett ha sovna. Passelig kjolig, mjuke stolar, poppkorn, og teppe. Ikkje verst! Hadde forresten ein litt rar opplevelse paa kinoen. Rett for filmen skulle starta reiste plutseleg alle seg opp, og stod naermast i stram giv akt. Saa kom det ein liten kortfilm om kongen rullande over skjermen. Hog musikk, og folk som neia og bukka paa filmen. Dette skjer for kvar einaste film, ganske merkelig igrunn. Eg og Marit skjonte ikkje heilt ka som skjedde, men maatte pent staa der og beundra kongen slik som alle dei andre gjorde. Du koddar ikkje med kongen i Thailand! Lurar paa naar me begynnar aa hylla kong Harald paa samme maaten?

Eit lite stykke Norge

Eit lite stykke Norge

Paa eit kjopesenter i Kuala Lumpur fann me eit norsk bakeri! Ryktet sa at dei skulle ha nesten like gode rundstykker som paa Hjelle, og det var nesten sant. Me fekk oss ein meget god frukost, takka vera 1000-kroners tipset fraa Birgitte. Takk Birgitte! Du redda dagen vaar.


Namnam

Namnam

I dag har me hatt eit skikkeleg kvinnemaaltid! Nybakte ostebrod til frukost kan me leva med -kvar dag!


Ei fin paaske

Snorkling, snorkling, snorkling

No e me tilbake i sivilisasjonen, etter nesten tre veker paa flotte strender. Mykje av tida har gaatt med til snorkling, bading, og lesing av gode boker. Det har blitt lite paaskekrim, kvikklunsj, og klisterfore, men me har igrunn ikkje savna det saa veldig.
Det har vore ekstremt varmt dei siste vekene! Me har budd i enkle hytter med berre ei ussel vifte paa veggen, og berre straum saann av og til. Men me kan ikkje klaga, alle hyttene har hatt heile veggar, og ingen rotter paa badet. Litt besok av ymse dyr har me likevel hatt. Ein kveld kom det masse flaggermus ut fraa jungelen bak hytta, og nokon fann det for godt aa komma inn til oss ogsaa. Litt hyling og skriking vart de, men me klarte aa skremma dei ut igjen. Dermed kan endaa eit dyr me har "budd" med forast opp paa lista. Saa langt har gjestane vore: rotter, flaggermus, kakerlakkar, gecco, maur, mygg, og edderkoppar. Ei fin samling!

Me kom tilbake til Kuala Lumpur i gaa kveld. Starta turen tidleg fraa oya, og kom oss etterkvart over i ein buss. Hadde sett fram til bussturen, for me visste at der var det air condition. Har igrunn dromt mykje om air condition dei siste dagane, kor godt det skulle bli aa endelig kunne frysa litt igjen. Me fekk valuta for pengane, kan du sei. Air conditionen stod paa full guff heile vegen. Ti stive timar med full storm i ansiktet var ikkje heilt det me hadde tenkt oss, men det var det me fekk. Det gjekk ikkje an aa skru ned eller skru av, saa me maate pent sitta der og skjelva. Daa det var 30 min igjen til Kuala Lumpur slo heldigvis bussjaaforen av kulden, og blodet kunne begynn aa tina igjen. Men gleden varte i ca 2 min, saa var det paa'an igjen. Eit lite tips; skal du taa buss i Malaysia, ta med deg stillongs og termos!

Ei lita oppgaave tl dykk der heime heit paa slutten. Ein kveld me satt ute og venta paa at gradestokken skulle krypa under 30 grader, saa me kunne legga oss, kom me til aa tenka paa ein ting: ka har Norge aa skryta av? Sverige har Ikea, ABBA, og Ericsson, for aa nevna noko. Finland har Nokia, Danmark har Carlsberg. Men ka har eigentleg Norge? det naermaste me kom var bindersen og A-HA. Ganske stusslig igrunn. Kjem de paa andre norske merkevarer?

Bilde 1

Bilde 1

Me ligg og slappar av paa dei flotte flytemadrassene vaare...




Bilde 2

Bilde 2

...litt liv paa bildet kan ikkje skada

Bilde 3

Bilde 3

...kvinne over bord, og ei paa veg

Bilde 4

Bilde 4

...eg klamrar meg endaa fast til madrassa

Bilde 5

Bilde 5

...begge ligg i vatnet og kavar

Bilde 5

Bilde 5

...ka skjedde?

Bilde 6

Bilde 6

...tok da bilde?






april 2006
ma ti on to fr
1 2
3
4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17
18 19 20 21 22
23
24 25 26 27 28 29
30
img