Eg og Mr. Venu skaalar i chai, i bryllaupet

Eg og Mr. Venu skaalar i Chai, i bryllaupet


Hytto vaar

Hytto vaar

Her bur me no, paa Palolem beach i Goa. Ei litt alternativ strand, der dei fleste er opptatt av yoga, meditering, og aa jogga paa stranda. Kvar einaste morgon rek dei att og fram, pustar og pesar. Skjonnar ikkje at dei orkar, men dei vert sikkert spreke.
Som de kanskje ser paa bildet er det ikkje den mest solide hytto me bur i, men det fins ikkje andre husvaere paa denne stranda. Det ligg tett i tett med slike skeive, holete (men sjarmerande) hytter langs stranda. Det er litt saann at me er redde for aa nysa, for daa kan heile hytta rasa saman. Men me har det fint likevel! Er litt saann Thailand light her. Er fint at det er litt fleire aa dela oppmerksomehten paa, det vart til tider myjke stirring i Cherai. Her er folk saa vant til turistar at dei ikkje bryr seg saa mykje, det gaar mest i "hello coconut og hello pineapple."
Me kom paa lordags morgon, etter ein laaaaang togtur fraa Kochin. Etter 15 stive timar paa toget kom me fram til Goa midt paa natta. Saa maatte me sitta der aa venta til det vart dagslys, for me kom oss til Palolem. Den lange turen fekk ei herleg avslutning daa ein liten gutt pissa paa sekken min medan eg va i ein minibank for aa ta ut pengar...herlig!
Har det fint her, saa me blir sikkert verande ei stund.

Hindu-bryllaup

For nokre dagar sidan var me i hindu-bryllaup med 2000 gjestar! Mr. Venu tok oss med, og me e vel einige i at det var ganske kjekt aa faa oppleva det. "Store" norske bryllaup med 100 gjestar blir liksom litt smaatt i ein slik samanheng. Marit fekk prova aa eta med hendene for forste gang, trur det gjekk greitt. Ho sette iallefall ikkje fingrane i halsen, og maten smakte godt. Drakk min forste chai (te) i India, har ikkje smakt det sidan Bangladesh. Framdeles like godt!
Maa berre sei at bryllaup blant hinduar er urettferdige greier. Fruen maa betala heile greia, pluss kjopa bottevis med gull, som ein slags "takk-for-at du-vil-ha-meg" greie. Det kan ikkje ha vore billig aa metta 2000 gjestar, eit lite studielaan blir blaabaer i forhold...men det aller viktigaste som skjedde i det bryllaupet var at me oppdaga noko nytt, godt snop! For dei som kjenner Marit, veit de at ho daa fekk stjerner i augene. Daa me helste paa brudeparet fekk me kvar sin karamell, og eit kort med bilde av brudeparet paa. Kortet var forsaavidt fint det, men karamellen! MMMM...den beste me har smakt!
Skal legga ut litt bilder fraa bryllaupet i morgon, har ikkje kamera med meg no.

I dag kom me forresten fram til Palolem i Goa, men det er ein heilt anna historie. So far so good.


Lunsj paa baaten

Lunsj paa baaten


Dagens soloppgang, sett fraa husbaaten

Dagens soloppgang, sett fraa husbaaten


Paa tur i husbaat

Paa tur i husbaat

Det siste dognet har denne husbaaten vore heimen vaar. Aa ta ein tur med ein slik baat er visst noko alle turistar i Kerala bor prova. Det kostar flesk, men er forsaavidt ein fin tur. Har krusa rundt paa diverse smaa elver og kanalar, og kikka paa lokalbefolkningen. Nesten ein litt ekkel folelse, folte meg litt som ein kikkar. Menmen, det var igrunn ein fin tur. Sorvisen ombord var bra, me vart varta opp etter alle kunstens reglar. Har sove minimalt i natt, daa me har sove i ei badstu. Dei som jobbar paa baaten sov der ute som de ser paa bildet. Me hadde eige soverom, med baade vifta og AC. Men det virka sjolvsagt ikkje...eller, me fekk det ikkje til aa virka forst. Saa naar me hadde svetta oss gjennom halve natta, utan sovn, fekk Marit den geniale ideen aa dra i ei snor som hang ned fraa vifta. Og vips saa fekk me luft! Det var vanvittig digg saa lenge det varte. Etter ein times tid vaakna me opp igjen, like varm og svett. Men soloppgangen i dag tidleg var veldig fin!
I morgon reiser me opp igjen til Kochin. Eg har nokre fiskegarn aa rensa for me vender nasa nordover paa fredag.

Busstur med smell

Busstur med smell

I gaar tok me bussen fraa Kochin til Allapey. Turen starta meget bra, me stod opp klokka halv seks, fekk servert kaffi og dagens avis, og vart koyrd i taxi til busstasjonen. Mr Venu der me har budd den siste veka skulle ordna alt med transport og slikt. Han starta offansivt, og lova oss ein "super deluxe bus with AC". Dette vart fort degradert til ein "super fast bus". Jaja tenkte me, det gaar sikkert bra likevel. Den superraske bussen viste seg aa klara 40 km i timen -wow for eit tempo!! Men me kom oss no paa rett buss, sette bagasjen bakerst i bussen, og fann to ledige seter. Endeleg kunne me senka skuldrene, putta musikken i oyra, og prova aa sova dei tre timane til Allapey. Trudde me...Bussen vart fort stappfull, og me maatte skvisa oss saman for aa faa plass til ei til dama paa setet vaart. Ikkje akkurat komfortabelt, men kva kunne me gjera? Etter kvart som me naerma oss Allapey skjonte me at me ikkje hadde sjangs i havet til aa finna bagasjen vaar bak i bussen, trokla oss gjennom folkemassen, og komma oss av bussen paa rett stopp. Til slutt var det saa fullt at dei nesten maatte stabla i hogden. Men saa skjedde det. BANG sa det, og bussen stoppa. Det viste seg at eine bakdekket paa bussen punkterte. Dermed maatte alle av bussen, saa daa var jo bagasje-problemet paa ein maate loyst. Men korleis skulle me komma oss fraa vegkanten til Allapey? Det var det store sporsmaalet. Dei andre passasjerane hoppa paa neste buss, som var minst like full. Men me kunne ikkje skvisa oss inn der med all bagasjen vaar. Saa me stod no der i grofta og svetta ei lita stund, for Marit spurte bussjaaforen om me kunne ta ein taxi. Svaret var enkelt: No, not possible. Me fekk til slutt tak i ein autorickshaw, som kjorte oss dei siste 12 km til Allapey. Alt ordna seg til slutt!

Eg har faatt meg ny jobb!

Eg har faatt meg ny jobb!

For aa spe paa litt i reisekassen har eg begynt som frilans fiskar. Det heile starta ganske uskyldig. Eg gjekk ein tur langs stranda, forbi desse to karane. Dei skulle akkurat til aa ta baaten paa land, og trengte litt hjelp. Saa eg hjalp dei aa skubba baaten opp fraa stranda, og inn paa land. Dei takka og bukka, og eg gjekk vidare. Nokre dagar etter stod han mannen til hogre paa bildet og rensa garnet sitt for smaafisk og reker. Partnaren var ikkje der akkurat daa, og mannen trengte hjelp. Naar han atter ein gong spurte om hjelp, sa gjorde eg sjolvsagt det. Stod der i ca 30 min for heile garnet var ferdig rensa. Etter kvart som tida gjekk fekk me sjolvsagt ganske mange tilskodarar, men eg folte eg kunne ikkje gaa for me var ferdige. Han babla i vei paa sitt spraak, men eg skjonte ikkje eit kvekk. Han forstod neppe mykje av striladialekta mi heller, men me hadde det riktig saa kjekt likevel! Daa me nesten var ferdige kom kompisen hans tilbake, og eg kunne tusla vidare. Saa langt har lonna vore saare fingrar (rekene har svaert spisse halar som borar seg inn un der neglene), og fine bilder. Kanskje eg vert invitert paa te neste gong eg hjelper dei, tida vil visa. Eg fekk gjort dagens gode gjerning, og dei fekk ein god historie aa fortelja rundt middagsbordet den dagen. Saa begge partar var godt fornogd, trur eg.


Put on some clothes, please!

Det har skjedd lite dei siste dagane, me ligg for det meste paa stranda og les boker. Marit fekk lettare panikk for nokre dagar sidan fordi mobilen ikkje virka. Aarsak: ho hadde brukt over 3000 kroner den forste veka me var i India!!! Lure som me er sjekka me ikkje ka det kostar aa ringa heim, eller motta telefonar for me reiste. Saa Marit brukte no mobilen ganske ivrig, og det burde ho altsaa ikkje gjort. Det kostar 23 kroner pr minutt aa ringa heim, og 28 aa motta. Altsaa, ingen ringing til oss er de snille :-)

Paa ferja over til Fort Kochin fekk me servert dagens (og kanskje turens) beste kommentar:
Go back to your hotel and put on some clothes, you are in India, you look rediciolous! Trudde me skulle le oss ihel. Det var ein amerikanar ogsaa paa ferja, og selvfolgelig mange indarar. Naar me naerma oss ferjekaien ser me ein mann som skiller seg vanvittig ut fraa resten. Selvfolgelig ein dum turist som stod der i ein pitteliten shorts, og ingenting anna. Han saag litt lost ut, og spurte amerikanaren om dette var rett ferje. Saa kom konge-kommentaren! Hehe, var no bra at nokon turte aa sei ifraa til han. Han saag virkelig dust ut.

I dag er 34 grader og 92 prosent luftfuktighet. Nesten litt for mykje av det gode, men me begynnar aa bli vant til det. I natt var det visst 24 grader. Eg og marit laag og skalv, me fraus saann. Saa ho har faktisk lagt med stillongs og fleecejakke i natt. Fattar ikkje heilt korleis det gaar an, men det var faktisk kaldt! Det skal seiast at me hadde vifta paa full guff, og dorene til altanen open, men likevel...var faktisk kald paa nasa daa eg vaakna, og det har eg ikkje vore sidan eg var heima.

Topp fem i India

1. Aa gaa barbeint paa stranda, langs sjokanten
2. Aa eta vannmelon med skei medan du ser paa solnedgangen
3. Aa ligga i ei hengekoy og kikka paa fiskaren som dreg opp garnet fem meter fraa deg
4. Aa ta bussen i 45 minutt for to kroner
5. Aa faa kaffi og dagens avis (the Hindu) servert paa dora om morgonen.


Ka e di topp fem lista?


Avslapping, avslapping, avslapping...

39336-12


Me gjer stort sett det samme som denne mannen her kvar einaste dag, nemlig slappar av. Me har blit ganske gode paa det, etter ei veke i Kerala.
I dag har me tatt ein liten pause fraa strand-livet, og reist inn igjen til Fort Kocin. Trur dette er den varmaste dagen saa langt, det maa vera godt over 30 grader i dag. Er difor godt aa sitta under ei vifte i staden for aa trakka rundt utandors.

Har virkelig fune roen ute paa stranda. Mannen som driv hotellet veit ikkje ka godt han kan gjera for oss. Me faar kaffi servert paa dora kvar morgon, og kan eta alle maaltid der me onskjer. Paa stranda, paa altanen, eller inne paa rommet (eller kor som helst...) Det kan av og til bli for mykje av det gode, det faar no vera maate paa service! Han pratar i veg om alt mulig. I gaar ville han ha oss med til aa opna eit nytt hotell, med snorklipping og heile pakka. Men me klarte heldigvis aa snakka oss fraa det
Daa er ryddegutten paa hotellet litt meir behagelig. Han kan to ord paa engelsk, og det er mineral water, og thank you. Men me kommuiserar no godt likevel, han paa sitt spraak og me paa vaart. Her om dagen bytta han stolar paa altanen vaar tre gongar, for aa finna ut kva som var dei beste og finaste.

Blir nok verande her i Kochin omraadet ei stund, har kjopt togbilett vidare nordover den 27 januar.

Nokon som savnar seglbaaten sin?

39336-11


Her sitt me mykje om kveldane

39336-10


Marit paa altanen

39336-9


Utsikt fraa altanen vaar

Utsikt fraa altanen vaar


Dette likar me!

Avslapping paa sitt beste


Her bur me no, altanen til hogre er vaar

Her bur me no


Marit paa bussen

Marit paa bussen


Fort Kochin by night. Typiske kinesiske fiskenett

Fort Kochin by night. Typiske kinesiske fiskenett


Ingen planer er gode planer!

Kochin for 30 min. sidan

Slik saag det ut nede ved elva her ved Fort Cochin for 30 minutt sidan. Har hatt nok ein fantastisk fin dag, og virkelig faatt erfara at det ikkje er nodvendig aa planlegga ting paa forhaand. Slik starta dagen:
Marit: ka skal me gjera paa i dag?
Guro: veit ikkje eg, ka har du lyst til?
Marit: me kan jo ta ein av dei fergene som gaar til oyane rundt her
Guro: god plan, det gjer me!

Me tok ferga ut til ei av dei naermaste oyane, og sette oss paa ein buss. For 2 kroner fekk me lov aa sitta paa i 45 minutt, daa me steig av paa ein plass eg ikkje har peiling paa ka heitte. Det var ikkje akkurat stoppe-knapp eller snor aa dra i naar du ville av, du maatte plystra. Men det gjekk jo fint. Iallefall, me gjekk av bussen, tok ein autorickshaw som kjorte oss ned til ei strand. Her labba me bortover, stranda var uendeleg lang, med det indiske hav rett ut. Etter ei stund saag me to parasollar og tenkte at der var det sikert fint aa sitta under. Me gjekk bort, og der kom det ein mann tuslande. " Please, come and see my rooms, very nice" Me hadde jo ikkje tenkt aa overnatta der akkurat, me hadde jo kun med oss ein liten sekk med vatn og solkrem i. (eigentleg treng ein ikkje stort meir paa tur i India...) Men me gjekk no inn, og romma var fine. Kor mykje kostar det, sporte me. " How much you can pay, I take anything you have". Wow, denne mannen er virkelig desperat etter pengar, tenkte me. Men me fekk no ein god pris, saa fraa lordag og utover saa lenge me har lyst skal me bu paa ein konge plass rett paa stranda, med stor terasse, og hav saa langt du kan sjaa!
Moralen e: ALDRI planlegg noko som helst, daa blir det som regel best.

Det kan bli ei stund til bloggen blir oppdatert igjen, eg faar det nok travelt med bading og slikt dei naermaste dagane :-) Men skal prova aa faa lagt ut litt bilder fraa paradis om litt.

Kochin, India

Det er latterlig varmt her nede! Daa me kom i gaar var det 31 grader og sol, og det er iallefall ikkje noko kaldare i dag. Me bur paa ein saakalla homestay, der ein familie bur i tillegg til aa leiga ut rom til turistar. Aat frukost under open himmel i dag tidleg, med palmar og fuglekvitter som kulissar. Kan anbefalast!
Observasjonar saa langt:
-Kokt banan med honning til frukost er no good.
-Lassy med ananas er very good!
-Aa eta frukost utandors er idyll.
-Mennene her er omtrent i navel-storrelse, men dei stirrar ikkje paa lang naer saa mykje som dei i Bangladesh.
-Trafikken er akkurat saa kaotisk som eg trudde.
-Ikkje stol paa innsjekkings-dama i skranken paa Gardermoen!

Hadde eit lite "uhell" pa flyplasse i Dehli, paa grunn av upaalitelege damer paa Gardermoen. Fekk beskjed om at bagasjen skulle gaa heile vegen til Kochin, men det gjorde han altsaa ikkje. Naar me kom til Delhi spurte ein fyr tilfeldig om haandbagasjen var alt me skulle ha med oss for 4 mnd i India? Neida, seier me, men resten gaar automatisk til Kochin. Hm...det gjer det neppe, seier mannen fraa Nederland, og me maa gaa inn igjen i bagajse-hallen for aa leita etter sekkane vaare. UtruIeg nok fann me dei ganske fort! Nesten litt meir flaks enn det er lov aa ha. Men moralen er: ikkje hoyr paa damen paa Gardermoen!

India saa langt e konge! Har nokon tips til kva me absolutt maa faa med oss, saa sei ifraa! Ser forresten paa vg nett at Sven O har faatt jobb i Radio Sogne...kva skjer med heimlandet ?!?

Neste stopp Asia!

Ostereidet

Då er tida her for å forlata denne idyllen, og starta den store ekspedisjonen til Asia! Har ikkje pakka sekken endå, men har nesten eitt døgn på meg til å gjera det. Viktige ting å ha med i sekken:

1. Rett i koppen ( godt både på fjelltur, og lengre turar til Asia dersom toalettet blir din beste venn)
2. UNO ( når du er ute og reiser kan du læra vekk dine EIGNE reglar)
3. Dykkermaske og snorkel. ( kan brukast til mykje, blant anna snorkling, eller beskyttelse mot monsunar.)

Skal prøva å oppdatera sida med jamne mellomrom, så de kan sjå kva eg og Marit dultar borti på vår veg.


img