Monica og Knut Magne paa plass

39336-37

No e me plutselig dobbelt saa mange paa tur! Me motte Monica og Knut i Bangkok i gaar. Dei hadde med seg knekkebrod, faarepolsa og brunost, saa i gaar hadde me eit herremaaltid! Reiser til Kambodsja i morgon, 16 timar i buss vert sikkert spennande.
I dag var det 37 grader i skyggen her i Bangkok. Me svettar, men kan vel ikkje klaga.


Ventetida snart over!

Ventetida snart over!

For dei som lurar paa kven dette er, kan eg fortelja at det er Randy Jackson, dommar i amerikanske Idol. Me heldt oss innandors i dag. Den saakalla vannfaste solkremen me hadde paa oss i gaar var ikkje saa vannfast likevel. Saa me har sett litt paa american idol i dag i staden for aa vera paa stranda.
Er for tida i Hua Hin, litt sor for Bangkok, litt oest i verden. Ventar paa Monica og Knut, knekkebrod og brunost. Dette er ein saann typisk plass for dei over 50, og for smaabarnsfamiliar. Saa me glir rett inn i miljoet! Me betalar like mykje for aa bu paa eit flott hotell med basseng, fjernsyn og kjoleskap, som me betalte for den skrale hytta paa stranda i Goa, der rottene laga seg eit hus paa badet vaart.
Det kom bort ein mann til oss her ein dag og sa "eg tror dokkar e norsk". Hadde lyst aa sei eg e'kje fra Norge, eg e fra Bergen, men kunne ikkje det sidan han var bergensar sjolv. Oystein Mjanger er oyenlegen hans, og han har masse slekt paa Eikanger og Leknes (for dei av dykk som veit kor det er...). Saa verden er ikkje stor! Det var kjekt aa prata med vestlendingar att, det er litt for faa av dei i utlandet trur eg.
Knekkebrodet og brunosten landa i Bangkok i gaar. I morgon er det berre til aa hiva innpaa, me gler oss!

Paa stranda

Paa stranda


Paa sykkeltur i Hua Hin

39336-34


Taj Mahal og oss

39336-33

Saa har me vore der ogsaa. Mitt forste av dei sju underverk, Marit sitt andre (har ogsaa vore paa den kinesiske mur -heldiggrisen!). Var faktisk mindre enn eg hadde trudd, men ikkje mindre pent av den grunn.
No sitt me paa flyplassen i Bombay og ventar paa flyet til Bangkok. India-eventyret er over for denne gong! Men me kjem heilt sikkert tilbake, iallefall eg.



Taj Mahal

Taj Mahal


Kan de eta is utan aa frysa? neppe...

39336-30


Meir mat

39336-29


Mmmmm!!!

39336-27

Dei kan laga god cappucino i Delhi ogsaa! me kom i gaar, og har brukt denne dagen til aa drikka god kaffi og sjaa oss litt omkring. Det er akkurat saa kaotisk som eg hadde trudd, nett som i Dhaka. Eksosen ligg i eit tjukt lag, me kan ikkje sjaa himmelen. Men eg trur det var sol i dag, det virka iallefall slik paa varmen.
I morgon reiser me til Taj Mahal. Forventningar til Taj Mahal:
- eit fint lite hus
-mange tiggarar
-suvenir-seljarar som skal prakka paa deg all slags dill
-hysteriske japanarar som knipsar vilt og fnisar



Grillings

39336-26

Til deko der heima som virkelig prover aa gni det inn (minus deg mamma, eg veit det ikkje var vondt meint); det fins god mat i India ogsaa! aat nyyyyydelige grillspyd her om dagen. Kan de sitta i shorts og t-skjorta klokka ni om kvelden utandors aa eta grillmat no, utan aa frysa? neppe. Dessutan er det berre 8 dagar til knekkebrodet og brunosten kjem med fly, saa me skal nok klara oss.
Andre ting me kan som ikkje de kan:

-sitta paa balkongen om kvelden aa eta is utan aa frysa ihel
- sova til me vaaknar av oss sjolv, enten klokka er 8 eller 11.
- besoka Taj Mahal
- gaa i shorts dagen lang
- bada og sola oss
- drikka ferskpressa appelsinjus som smakar aldeles nydelig -kvar morgon!! (eller, de kan kanskje de ogsaa, men me slepp aa laa han sjolv)
- kjopa klede som er latterlig billige
- ha ferie i tre mnd til :)


Andre runde

39336-25


Andre runde med oppkast og magesjau er no forhaapentligvis over. Har lagt i rekestilling i denne senga det siste dognet. Eg ledar no 2-1 paa Marit i denne hogst uoffisielle konkurransen. Me gaar ikkje for eit uavgjort resultat, men haapar at kampen no er over!
Gutten paa stranda provde aa selja meg ein magic box -very cheap! her om dagen. Kanskje eg skulle slaatt til, og kunne trylla fram norsk mat? I natt dromte om kald skumma melk og eplejuice. Kan nokon vera saa snill aa senda ei gorvbrod skjeva med brunost, og eit glas kald skumma melk til meg i posten? adressa er Falcon resort, ned det arabiske hav og til venstre.
Om ikkje saa lenge reiser me til Delhi. Det er nesten saa eg gledar meg til folkehavet og kaoset. Kanskje er maten litt tryggare der. No gaar det i loff med nutella paa. Ikkje saa verst, men ikkje akkurat brod fraa Hjelles bakeri heller.
Til alle deko som bles i luren i NM i helga: lokka te!!!

Me ventar paa bussen til verdens ende Pune

Me ventar paa bussen til verdens ende Pune


Kyr paa veg inn i restauranten for aa eta middag

39336-23


Pune

No e me i Pune, Indias svar paa Raadalen. Rett og slett ein mokkaplass! Me hadde store planer, skulle komma oss opp i fjellet og faa luft under vingene. I staden havna me her i Pune. Langt vekke fraa der me eigentleg skulle. Tenk deg den verste plassen du veit om, og gang det med ti. Saann er det her.
For aa begynna med starten: reiste fraa Goa paa lordag. Bussen skulle gaa klokka fem, men det gjorde han sjolvsagt ikkje. Naermare seks koyrde me, men daa berre ein times tid. Saa maatte alle bytta buss. Det hadde ingen sagt til oss. Folk fann bussane sine og reiste vidare. Me vart sitjande som to store sporsmaalsteikn. Visste ikkje kor me var, eller naar bussen vidare gjekk. Det staar ikkje paa bussane kor dei gaar, for daa ville det jo vore enkelt aa finna fram. Det er jo ikkje bra. Det dummaste du kan gjera i India er aa sporra folk, for daa faar du alltid forskjellige svar. Alle svarar noko sjolv om dei eigentleg ikkje har peiling! Daa alle bussane hadde gaatt venta me endaa ein time, saa kom det ein buss dinglande. Dei faa som var igjen sprang inn paa den, og me fulgte etter. Det var tre timar etter bussen skulle gaatt, altsaa heilt i rute etter indisk standard.
Midt paa natta kom me fram til Pune. Daa var planen aa ta eit motgontog vidare til Matheran. Men det gjekk sjolvsagt heller ikkje fekk me beskjed om. Etter aa ha leita rundt etter overnatting (dei seks forste hotella var fulle), fann me endeleg eit ledig rom i herbaerget. Omtrent som i ein stall. Spurte mannen i resepsjonen naar neste tog til Matheran gaar, og han svarar halv aatta paa morgonen. Me kunne altsaa ha komt oss avgarde likevel! Eg spor mannen kor langt det er til togstasjonen? svar: not possible. Kvifor ikkje, klokka er berre halv sju, me kan rekka toget. Svar: not possible. Naar gaar neste tog? not possible. ARGHH!!! kunne kvelt fyren.
For aa gjera ein lang historie kort; i dag har me kjopt bussbillett tilbake til Goa. Reiser i kveld, og kan ikkje faa sagt kor glade me er for det!!!

Fjolls til fjells

I morgon reiser me fraa Goa, e lei av strandlivet no. Og saa er det eitt eller anna dyr som har laga reir paa badet vaart i natt. Det er ikkje akkurat tette veggar, saa det er igrunn fri ferdsel for alle smaa og mellomstore dyr. Me tok det som eit teikn paa at det er paa tide aa reise her ifraa.
No skal me opp i hogden!! Har vore rimelig paddeflatt dei plassane me har vore til no, saa det skal bli godt aa komma seg opp i fjella og rora litt paa flesket. Trudde nesten ikkje det gjekk an, men det gaar an aa bli lei av avslapping ogsaa.
Forresten, viss nokon har lyst paa postkort maa de senda adressa til meg paa e-post. Eg har ikkje tatt med meg noko adressebok.

Me har oppdaga sjolvutloysar!

39336-22

Etter sterke oppfordringar fraa enkelte heima har de no ein liten serie bilder av meg og Marit ilag. Me skjonte i dag korleis dette med sjolvutloysar funkar.
Forste runde med feber, magesjau og oppkast er over. Haapar det blir lenge til neste gong! Trur me veit kor opphavet til styggedommen kjem fraa. Aat middag paa ein italiensk restaurant for nokre dagar sidan. Her gaar jo kyrne laust omkring, og plutselig kom det ei dampande inn i restauranten, strekte ut tunga, og fekk i seg ein halv bolle med mjol som stod paa "ute-kjokkenet". Kokken jaga ho vekk, men fjerna ikkje mjolskaala. Saa gjekk det 5 min, saa kom beistet tilbake endaa ein gong og tok eit jafs. Heller ikkje no vart mjolskaala fjerna. Trur det var akkurat det samme mjolet dei brukte i pizzadeigen. Moralen e: reise du til Palolem i Goa, ikkje gaa paa Little Italy!


Solstikk?

39336-21


Smiiil

Me har oppdaga sjolvutloysaren paa kamera!!


mars 2006
ma ti on to fr
1
2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30 31
img