Cameron Highlands

39336-57

Dei siste dagane har me vore til fjells, i Cameron Highlands. Her er klimaet omtrent som ein norsk sommar, akkurat passe varmt. I gaar var me paa jungeltrekking saman med guiden Sunny. Fire timar i ulendt terreng var akkurat passe slitsomt for oss. Me motte ingen tigrar, apekattar, eller andre store jungeldyr. Men guiden Sunny heldt paa aa trakka paa eit veldig giftig dyr som likna paa ein stor tusenbein. Hadde han trakka paa den, hadde nok eg og Marit vore ganske lost...det gjekk heldigvis bra.

I dag har det regna noko som liknar kattungar. Regnveret i Bergen er berre smaakaker i forhold! (sant Monica?) Det har vore eit fint avbrekk aa vera oppe i hoglandet, her gaar det faktisk an aa hoyra fuglekvitter. Og det er saa kaldt at me maa ha gensar paa oss. Det kjennest litt rart ut aa gaa med bukse og gensar, men det maa til naar gradestokken ikkje kryp over 21 grader.

Her oppe til fjells dyrkar dei ogsaa jordbaer, me aat kvar sin store dose i gaar. Nyyyyyyyyyyydelig!!! Det store sporsmaalet er, har du vaniljesaus eller vaniljesos paa jorbaera? det stridast dei laerde om. Og viss du har vaniljesaus paa jorbaera, kvifor har du daa brun sos paa potetene? Ikkje veit eg.

Twin Tower

Twin Tower

Me kom oss opp til 41. etasje, nesten halvvegs. Men det var hogt nok for meg iallefall.

Kuala Lumpur, Malaysia

Kuala Lumpur, Malaysia

Veit ikkje heilt kva eg skulle ta bilde av her, men det var sikkert noko fint. No e me altsaa i Kuala Lumpur. Ein by pittelitt storre enn Bergen, og med mange fleire kjopesenter. Til stor begeistring for enkelte (med langt svart haar...), medan andre kan styra seg for denslags aktivitetar. Eg har kjopt fire bananer og eit adapter i dag , Marit har traala dei fleste klesbutikkar. Trur me er godt nogde med fangsten begge to!

Har vore her i to dagar no, og brukt mesteparten av tida i Twin Towers. I dag skulle me ta heisen langt oppi taarnet, men det var ikkje fleire billettar att. Saa me prover paa nytt i morgon tidleg. Kanskje me burde tatt med oss soveposen og lagt utanfor inngangsdora. Men eg har ikkje med meg termos med varm drikke, saa eg trur me staar over den.

Me bur midt i Chinatown, og hoyrer ein jamn straum av "hello t-shirt?, cheap cheap, you want to buy shoes?". Men me har det fint her. Paa hotellet vaart gaar det faktisk an aa kjopa moblane paa rommet. Paa dora staar ei liste over alt inventar, og prisane paa dei forskjellege tinga. Eg trur teskjeia var billegast, og fjernsynet dyrast. Kanskje eit gammalt fjernsyn hadde vore ein fin suvenir fraa Malaysia? eller kanskje ikkje.

Saa langt er dette eit meget bra land aa vera i. Dei sel UNO paa 7-eleven, og fersk mango rett utanfor hotellet vaart. Meir treng me ikkje.

Takk for alle innspel i erte(r)stuing-debatten, dei kjem godt med naar me skal diskutera dette viktige temaet vidare.
Til slutt eit nytt sporsmaal; kvifor seier me "eg ler meg ihel" eller "eg e ihel-sulten." Kor kjem denne helen fraa? Det har me lurt litt paa dei siste dagane.

Erterstuing eller ertestuing?

Me har hatt ein diskusjon gaaande ei stund her, og vert ikkje heilt enige. Jo meir me tenkjer paa det, jo meir usikre blir me. Heiter det erterstuing eller ertestuing?

Og kva heiter ert i fleirtal?
Alternativ 1: ei ert - fleire erter
Alternativ 2: ei ert - fleire erte
Alternativ 3: ei ert - fleire ert

Dersom ein skal vera heilt grammatisk korrekt heiter det vel ei ert, fleire erter. Men stridens kjerne er -kva ville ein stril sagt? Eg hellar mot alternativ 2 eller 3.
Kan nokon norom brunae vera saa snill aa hjelpa oss?

Ofh, me har mange verdsproblem aa loysa naar me er paa ferie...

Kamilla i sin nye hatt

Kamilla i kledelig hatt


You want massage?

You want massaaaaage?


Kamilla, Marit, og den vesle dama

Kamilla, Marit, og den vesle dama


Fruktdamen

Fruktdamen

Denne dama (ho smaa med hatt, som ser ut som ei lita dokke) gaar forbi hotellet vaart kvar dag og sel frukt. Mangoen er nyyyyyydelig!!

Mona og Kamilla

Mona og Kamilla


Hoi An, Vietnam

39336-48

I dag har me vore paa sykkeltur rundt Hoi An. Det var nesten som aa skru tida 15 aar tilbake, fire jenter med kvar sin korg-sykkel. Trur ikkje eg har sykla paa ein slik sidan eg var ti aar. Har sett mykje fint paa vegen, og enda til slutt opp paa ei strand 4 km utanfor Hoi An. Var der i nokre timar til me kjente at huden hadde faatt nok sol for ein dag.

Har vore her i ca ei veke no. Me tok nattoget fraa Nha Trang og opp her, saman med to nederlendarar som me vart kjent med i Mui Ne. Det var mykje kaldare her enn lenger sor i Vietnam, saa dei to forste dagane fraus eg nesten litt. For forste gong paa turen, trur eg. Karen vart redd ho ikkje skulle bli godt nok svidd for dei reiser heim, saa ho og Gro reiste til Thailand for nokre dagar sidan. Samme dagen dei reiste skein det opp her, og sola har steikt sidan. Jaja, dei har det sikkert fint i Thailand ogsaa.

Det er ikkje saa mykje aa ta seg til her i Hoi An, anna enn aa faa sydd seg klede, tusla rundt i gamlebyen, sitta paa kafe og lesa ei god bok, eller ta seg ein sykkeltur til stranda. Men ein treng vel ikkje stort meir enn det? Det er ein herlig avslappa stemning her!
Me har alle faatt sydd oss nokre plagg, noko fint, og noko totalt mislykka. Billeg er det uansett, saa det er ikkje det store tapet om du faar noko du ikkje vil bruka. Eg har gjort eit forsok paa aa faa sydd meg jakke (den vart STYGG!), og skal gjera eit nytt forsok i dag. Alle gode ting er to, faar me haapa.

Paa mandag reiser eg og Marit til Saigon, Mona og Kamilla vert nokre dagar til her i Hoi An. Saa daa er me plutseleg berre to paa tur igjen. Det gaar nok bra det ogsaa.


Oerken i Vietnam

39336-47

Her er ein typisk norsk kjernefamilie paa tur. Mor, mor, og dei seks borna.

Fjellgeit paa tur

Fjellgeit paa tur

I gaar var me ute og rorte litt paa flesket, dei tre sprekaste av oss. Dette bildet er tatt av verdens minste og spinklaste guide. Han var neppe mykje over 140 cm og 30 kilo. Daa me skulle komma oss ned att fraa fjellet, ville den snille guiden hjelpa oss litt for mykje. Han gjekk forst, snudde seg rundt, og strekte armane i veret som om han skulle ta imot oss. Daa kjem det fraa Gro: "viss eg dettar no saa drepar eg han!" Trur ikkje det er saa langt fraa sannheten. Det ville nok blitt ein smertefull opplevelse for den vesle mannen aa faa eitt stk svaer nordmann over seg. Heldigvis datt ikkje Gro, og me haapar den vesle mannen endaa pustar og er i live.


5 stk. strilar paa tur!

5 stk. strilar paa tur!

Her sitt me og ventar paa dei tre siste strilane. Me var 8 strilar ei lita stund, saa mange har det neppe vore i Mui Ne paa ein gong for! Monica og Knut maatte reisa tilbake til Saigon i dag, saa no er me berre 6igjen. Litt faa etter min smak, men det gaar no greitt. Trur ikkje dei lokale har sett saa mange nordmenn samtidig for. Reiser vidare nordover i morgon, det skal visst vera fint aa snorkla litt lenger nord.

Canary Resort, Mui Ne

Her bur me

Her bur me no. Rett bak det kvite gjerdet begynnar stranda, saa me kan velga om me vil ligga ved bassenget eller i sanden. Idyll? nemlig!


Vietnam e digg!

Vietnam er digg!

No e me altsaa her, i Mui Ne i Vietnam. Ein fantastisk fin plass! Eg kom for to dagar sidan, og motte dei to saakalla backpackarane Karen og Gro. Men kor mange ryggsekkturistar har basseng baade ute og paa rommet? eg berre undrar...men det er greitt for meg, litt luksus skadar ikkje. Eg kom for to dagar sidan, og Monica og Knut kom i gaar. Dei andre tre (Marit, Kamilla og Mona) faar visst aldri nok av shopping i Bangkok. Dei siste rapportane seier at dei kjem i morgon, kanskje kontoen er tom daa.

Folket her er mykje like dei i Thailand, dei ler og smilar mykje, og forstaar berre ein brokdel av det me seier. Karen prover saa godt ho kan aa menga seg med lokalbefolkninga, og har allereie hatt fleire mobilsamtalar med mange av dei.
Det raraste skjedde daa eg skulle ta bussen fraa Saigon til Mui Ne. Me gjekk i ei lita, smal gate, daa eg plutseleg hoyrer "hei Guro". Maatte gni meg i augene, men rett framfor meg stod Kris! Eg studerte med han i Kristiansand, og har ikkje sett han paa aar og dag. Verden er ikkje stor!

Det er godt aa slappa av litt etter mykje farting dei siste vekene. Saa eg trur programmet framover blir omtrent slik:
09:00 frukost
09:30-13:00 bading og soling
13:00 lunsj
13:30- 17:00 bading og soling
19:00 middag
20:00-23:00 UNO
23:30 stille paa rommet, alle maa vera i seng.

Uff, det er slitsomt med ferie :-)

Drinkar ved bassengkanten

Drinkar ved bassengkanten


Hurra, me lever!

39336-40

Saa letta var me for aa vera i live etter den strabasiose baatturen i Kambodsja. Eit lite tips til dei som har tenkt seg dit; ta bussen fraa Siem Reap ti hovudstaden i staden for baaten.


Party of six

39336-39

No er me seks stk. paa tur, me henta Mona og Kamilla paa flyplassen i gaar. Det gjekk nesten heilt smertefritt, bortsett fraa at me stod paa feil terminal aa venta den forste timen. Men me fann dei til slutt. I dag har Kamilla gebursdag, og me er komt halvvegs paa turen vaar. Gebursdagen skal feirast, men at det fraa no av berre vert faerre og faerre dagar til me skal heim prover me aa ikkje tenka paa.
Turens desidert beste gullkorn kom Monica med for nokre dagar sidan. Me sat i ein taxi paa veg fraa sor i Kambodsja, til den thailandske grensa. Vegen var saa som saa, og sjaaforen koyrde som ein gris. Me sat alle og dromte om den fine bussen me skulle ta fraa grensa til Bangkok, dei fine vegane i Thailand, og dei fornuftige sjaaforane som ikkje koyrer altfor fort. Saa kjem det:

Monica: aa koyra buss i Thailand blir jo berre smaakaker i forhold til detta her...eller heiter det det?
Knut og Guro: prov heller med peanuts...
Marit: nei, er det ikkje peanotter det heiter?

Kven har rett? du faar tre alternativ,
1. Aa koyra buss i Thailand blir berre smaakaker i forhold til dette.
2. Aa koyra buss i Thailand blir berre peanuts i forhold til dette.
3. Aa koyra buss i Thailand blir berre peanotter i forhold til dette.

Rett svar kan sendast til NRK Hordaland, 5020 Bergen. Premie ventar til den som svarar forst.

I morgon reiser eg, Monica og Knut til Vietnam. Dei tre andre skal bruka nokre dagar til handling her i Bangkok. Det klarar eg meg fint utan, no skal det berre bli godt aa komma seg ut av storbyen!


Angkor Wat, Kambodsja

39336-38

Nok ein heseblesande dag i Kambodsja er snart over. Det har vore mykje reking att og fram desse dagane, men me har no faatt sett desse gamle bygningane dei er saa stolt over. Kom paa mandag, etter ein laaaaang tur i eit vandrande diskotek/ torturkammer. Etter at me hadde kryssa grensa fraa Thailand skulle me eigentleg ta buss fraa grensa til Siem Reap. Men bussen virka visst ikkje, saa me vart stappa inn i ein bil i staden. 9 turistar, ein guide, og ein sjaafor. Det vart stabla i hogden, og me sat med knea oppunder haka nesten heile vegen. Det kan knapt kallast ein veg, det var meir som ein kjerresti. Av og til var det eit snev av asfalt, men det var berre paa dei fine partia av vegen. Saa me snigla oss fram i 20 km i timen, i 10 timar. Bakerst i bilen blinka det eit kvitt lys, omtrent som ei daarleg diskokule. Og framme spelte dei daarlege remixar av gamle slagers. Det var naermast tortur, men me overlevde paa mirakulost vis.
I gaar var me paa Angkor Wat og kikka litt. Mykje fint aa sjaa, men dei ser no ganske like ut alle desse gamle bygningane.
I dag har me hatt ein ny maratonetappe til sor, har reist i 12 timar. Hadde sett fram til ein fin tur paa elva fraa Siem Riep til hovudstaden. Tenkte at baat var rette tingen, etter aa ha erfart kjerrestien i 10 timar. Betalte DYRT for billetten, og vart lova kvart sitt sete pluss air condition paa baaten. Flott, tenkte me. Vart plukka opp tidleg i dag, og koyrd til elva. Var ikkje akkurat ein fin AC-baat som venta der, men ein hog og smal vinglete baat. Dei stappa han altfor full av bagasje og folk, saa me heldt faktisk paa aa gaa rundt. Det virkar ikkje som om folk kan mykje baatvett, aa staa paa taket paa ein vinglete, stappfull baat saag ut til aa vera gode greier...Tenkte eit oyeblikk paa aa berre gaa av baaten, men fekk beksjed om at dette berre var ein liten transportetappe til den ordentlege baaten. Etter 45 minuttar med hjarta i halsen, og 180 i puls kom me fram til gliset som skulle frakta oss sorover. Han var hakket stodigare, men det var ikkje akkurat eitt sete til kvar. Naar baaten var fylt opp inni, begynte stablinga av folk og bagasje paa taket. Kvart sitt sete -my ass!! Dei er flinke aa lura folk her. Utruleg nok kom me heilskinna til hovudstaden, og kunne pusta letta ut.
Dei siste tre timane til sor har me brukt i bil, paa flotte vegar. Saa no ventar nokre dagar i ro og mak. Det vert godt!!


april 2006
ma ti on to fr
1 2
3
4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
img